Hovedfokus og spennvidde

Tidsskriftet Arkiv har som formål å styrke den vitskaplege tilnærminga til arkivfaget, og skal vere ein uavhengig arena for fagleg utvikling og debatt. Tidsskriftet publiserer artiklar i to kategoriar: fagfellevurdert artikkel og fagartikkel, i tillegg til redaskjonelle kommentarar og debattinnlegg om aktuelle tema.

Ein fagfellevurdert artikkel har vore gjenstand for vitskapleg vurdering av to fagfellar. Vurderinga er anonym: forfattaren er ukjend for dei som vurderer ein artikkel og dei som vurderer er ukjende for forfattaren og for kvarandre. Fagfellane har vitskapleg kompetanse og elles særlege kunnskapar om aktuelle artikkeltema.

Ein fagartikkel blir publisert utan vitskapleg vurdering. Dette kan t.d. vere rapportar eller foredragsmanuskript som redaksjonen vurderer som interessante og relevante for fagfeltet.

Prosessen rundt fagfellevurderingen

Tidsskriftet Arkiv publiserer fagfellevurderte artiklar om emne knytt til alle sider ved arkivfaget.

Fagfellevurderinga blir gjennomført på denne måten:

1. Redaktøren vurderer mottatte artiklar og avgjer om dei skal sendast til fagfellevurdering.

2. Manuskriptet vert deretter anonymisert og sendt til to fagfellar med særleg kompetanse innanfor artikkelens tema.

3. Fagfellane vurderer om artikkelen kan a) publiserast utan endringar, b) publiserast med endringar, eller c) ikkje publiserast. I vurderinga legg fagfellane vekt på om artikkelen er nytenkjande og kreativ, velargumentert og veldokumentert, relevant og viktig for forsking og for praksis (jf vurderingskriterier frå ABM-media). Vurderinga skal helst ikkje overstige 4000 teikn (ca 1,5 A4-side).

4. Dersom det er stor usemje mellom fagfellane kan redaktøren be om ei vurdering frå ein tredje fagfelle.

5. Forfattaren mottar vurderingane i anonymisert form.

6. Dersom ein artikkel er tilrådd godkjent utan endringar, blir den publisert omgåande. Når ein artikkel er tilrådd publisert med endringar, får forfattaren tilsendt vurderingane og blir beden om å utarbeide eit revidert manuskript i løpet av seks veker. Når den reviderte artikkelen er sendt tilbake, blir den gjennomgått av redaktøren, som eventuelt kan be om mindre justeringar før publisering.


7. Artikkelen blir deretter publisert i seksjonen "fagfellevurdert artikkel".

Retningslinjer om Open Access

Tidsskriftet kommer til å gi alle brukere åpen tilgang (Open Access), det vil si fri og gratis tilgang til alt publisert innhold.