Vedlikehald av ein konstruert kontrovers – kunstpedagogikk og handverkstradisjon i kunst- og handverksfaget

  • Karen Brænne
Emneord (Nøkkelord): Kunst- og designdidaktikk, fagtradisjon, kunstpedagogikk, encyklopedisk danning, skulehistorikk

Sammendrag

Med bakgrunn i nordisk historieforsking på skulefaga Kunst og handverk, Bild/Billedkunst og Slöjd (Sverige og Danmark) studerer eg korleis to fagideologiske ståstadar, den kunst­pedagogiske og den handverksfaglege tradisjonen, vert segmentert innan ein norsk kunst- og designdidaktisk fagkontekst. Spørsmålet som vert handsama er korleis ulike sider ved form­gjevings­aktiviteten får verdi som ideologi hjå fagaktørar innan det kunst- og design­didaktiske feltet. Frå denne ideologiske framstillinga tematiserer artikkelen korleis delar av fag­fellesskapet har dyrka ein kunstig og forelda kontrovers mellom kunstpedagogikk og hand­verks­­tradisjonar. Den vedlikehaldne kontroversen synest å ha bidratt til at utviklinga av den verbale språkkulturen i det kunst- og designdidaktiske feltet har stagnert.

 

Publisert
2011-12-28
Hvordan referere
Brænne, K. (2011). Vedlikehald av ein konstruert kontrovers – kunstpedagogikk og handverkstradisjon i kunst- og handverksfaget. FormAkademisk - forskningstidsskrift for design og designdidaktikk, 4(2). https://doi.org/10.7577/formakademisk.203
Seksjon
Artikler