Begynnaropplæring i teikning

Ein analyse av teiknemetodar

  • Karen Braenne
  • Janne Heggvoll

Sammendrag

Artikkelen har begynnaropplæring i teikning som tema. Ved å studere fagstoff om teikneopplæring nytta ved norske grunnskulelærarutdanningar, utviklar denne teksten tre ulike teoretiske kategoriar som skildrar teiknemetodiske tilnærmingar. Kategoriane er forma med støtte frå lese- og skriveopplæringsfeltet og omgrepa analytiske og syntetiske tilnærmingar, samt kunnskapsteoretiske og læringsteoretiske posisjonar. I tillegg blir omgrepet progresjon ved Ralph Tyler (1948) nytta for å utdjupe det som kjem fram. Bidraget er meint å vere ein forsiktig start på å utvikle ei teikneteoretisk plattform til støtte for dei institusjonane som utdannar lærarar for dei minste i skulen.   

 

Forfatterbiografier

Karen Braenne
1. Amanuensis, Avdeling for kulturfag, Høgskulen i Volda
Janne Heggvoll
Høgskolelektor
Publisert
2018-10-08
Hvordan referere
Braenne, K., & Heggvoll, J. (2018). Begynnaropplæring i teikning. Form Akademisk - Forskningstidsskrift for Design Og Designdidaktikk, 11(3). https://doi.org/10.7577/formakademisk.2678