Å fange med blikket og kjenne med hendene

Utstilling som skapande prosess og didaktisk grep

  • Astrid Hus Universitetet i Sørøst-Norge
  • Kirstine Riis Universitetet i Sørøst-Norge

Sammendrag

Ei utstilling med konkrete produkt, kan gi studentar større nærleik til materiale og kunnskap om teknisk utføring enn ved å møte produkt gjennom visuelle og digitale presentasjonar. Å presentere konkrete produkt og materiale gjennom undervisningsbasserte utstillingar er eit kreativt grep og ei viktig støtte for undervisning og veiledning. Etter bruk av utstilling som didaktisk grep eit bestemt semester, vart det gjennomført ei undersøking der ti studentar svara på spørjeskjema om kva utbyte dei hadde hatt av utstillinga. Fleirtalet svar at dei hadde blitt inspirerte til eige arbeid og tileigna seg kunnskap både om materiale og teknikkar. Studien viser at å hente fram aktuelle produkt og presentere dei på ein god visuell måte, gir motivasjon til å være kreativ.

Forfatterbiografi

Kirstine Riis, Universitetet i Sørøst-Norge

Fakultet for humaniora, idretts- og utdanningsvitenskap
Institutt for estetiske fag, Campus Notodden

Publisert
2020-09-25
Hvordan referere
Hus, A., & Riis, K. (2020). Å fange med blikket og kjenne med hendene. FormAkademisk - forskningstidsskrift for design og designdidaktikk, 13(3). https://doi.org/10.7577/formakademisk.3536