Digitale ferdigheiter som ferdigrett eller råvare?

  • Ingrid Holmboe Høibo Universitetet i Sørøst-Norge
  • Morten Henrik Lerpold Universitetet i Søraust-Noreg

Sammendrag

I det digitaliserte samfunnet i dag skjer ei betydeleg endring i læringa sine materielle føresetnader, frå konkrete og analoge læringsmiljø til digitale og virtuelle. Parallelt med den massive digitale satsinga i nordiske utdanningssystem har det vekse fram ei global rørsle kalla the maker movement. Denne artikkelen undersøker korleis rørsla kan bidra til ei breiare og fleirfasettert tilnærming til digital kompetanse i Kunst og handverk (KogH), enn den skjerm­tunge praksisen som til no har dominert. Gjennom studie av læreplanar, læringsteoriar, eigen praksis i feltet, praktiske døme og den stadig veksande ‘makerrørsla’, vert det undersøkt om utdanningssystemet i større grad burde støtte seg til den faglege og forskingsmessige kunn­skapen om kropp og materialet si rolle i barn si læring når viktige avgjersler om skuleutvikling og digitalisering av KogH-faget skal takast.

Nøkkelord:
Digitale ferdigheiter, handverk, kroppsleg erkjenning, maker movement, demokrati.

Forfatterbiografier

Ingrid Holmboe Høibo, Universitetet i Sørøst-Norge

Universitetslektor og Phd-stipendiat
Universitetet i Søraust-Noreg, Institutt for estetiske fag

Morten Henrik Lerpold, Universitetet i Søraust-Noreg

Førstelektor
Universitetet i Søraust-Noreg, Institutt for estetiske fag

Publisert
2020-09-25
Hvordan referere
Høibo, I. H., & Lerpold, M. H. (2020). Digitale ferdigheiter som ferdigrett eller råvare?. FormAkademisk - forskningstidsskrift for design og designdidaktikk, 13(3). https://doi.org/10.7577/formakademisk.3696