Multimodale skapande praksisar. Forsøk på artikulasjonar ut frå sosialsemiotikk og samtidas relasjonelle kunsthandverk

  • Tollef Thorsnes Kunstner og førstelektor i kunst og handverk, Høgskolen i Vestfold, Fakultet for humaniora og utdanningsvitenskap
  • Aslaug Veum Førsteamanuensis i språk, PhD Høgskolen i Vestfold, Fakultet for humaniora og utdanningsvitenskap
Emneord (Nøkkelord): multimodalitet, sosialsemiotikk, kunsthandverk, skapande prosessar, læreprosessar

Sammendrag

Dei siste tiåra er prega av ei multimodal vending som inneber at mange typar kommunikasjon går føre seg gjennom at fleire ulike uttrykksmåtar samverkar, slik som verbalspråk, bilete, lyd og materialitet. Endringane har ført til eit auka behov for kunnskap om korleis ein kan arbeide bevisst og kritisk med multimodale skapande prosessar. Denne artikkelen undersøkjer korleis element frå det teoretiske rammeverket sosialsemiotikk kan nyttast i arbeid med multimodale skapande prosessar og læreprosessar. Vi gjer greie for nokre erkjenningsteoretiske samanhengar mellom sosialsemiotikken og samtidas relasjonelle kunsthandverk, og på denne bakgrunnen utviklar vi nokre teoretiske omgrep som kan nyttast i multimodale skapande praksisar. Artikkelen viser vidare korleis omgrepa kan fungere i kunstprosjekt og didaktiske prosjekt. Eit hovudresultat er at omgrepa kan fungere bevisstgjerande og gi språk og artikulasjon undervegs i skapande prosessar, noko som vidare kan betre moglegheitene for kritisk tenking, etterprøvbar refleksjon og kommunikasjon både hjå forskaren, kunstnaren, læraren og studenten.

Forfatterbiografier

Tollef Thorsnes, Kunstner og førstelektor i kunst og handverk, Høgskolen i Vestfold, Fakultet for humaniora og utdanningsvitenskap
Kunstner og førstelektor i kunst og handverk, Høgskolen i Vestfold, Fakultet for humaniora og utdanningsvitenskap
Aslaug Veum, Førsteamanuensis i språk, PhD Høgskolen i Vestfold, Fakultet for humaniora og utdanningsvitenskap
Førsteamanuensis i språk, PhDHøgskolen i Vestfold, Fakultet for humaniora og utdanningsvitenskap
Publisert
2013-04-21
Hvordan referere
Thorsnes, T., & Veum, A. (2013). Multimodale skapande praksisar. Forsøk på artikulasjonar ut frå sosialsemiotikk og samtidas relasjonelle kunsthandverk. FormAkademisk - forskningstidsskrift for design og designdidaktikk, 6(1). https://doi.org/10.7577/formakademisk.593
Seksjon
Artikler