http://dx.doi.org/10.7577/formakademisk.714

Den kulturelle skulesekken – Kvalitetsskule eller kulturarroganse?

Ingvild Digranes
Omslagsbilde

Sammendrag

I programmet Visuell kunst i Den kulturelle skulesekken (DKS), var målsetjinga i utgangspunktet eit likeverdig samarbeid mellom skulen og kulturverda. Ti år inn i satsinga ser vi framleis usemje rundt mål og innhald knytt til samarbeidsprosjekt i skulen. To ulike profesjonar, med ulikt ideologisk og fagleg utgangspunkt, skal saman ha ansvar for ei arbeidsoppgåve. Rammene og arbeidsdelinga vert uklår og dette gjev opphav til eit profesjonsdilemma knytt til både forankring av programmet, og ansvaret for kvardagen i skulefaget Kunst og handverk. Å sameine kunstverda sine karismatiske verdiar og skuleverda sine demokratiske prinsipp for opplæringa kan verke som ei vanskeleg øving. Det mystiske i kunsten og vektlegging av tydelege læringsmål i skulen kan verke vrient å sameine i ein inter-profesjonell kvalitetsdiskusjon som set ideologiar i spel. Ut frå denne media- og dokumentundersøkinga kan det verke som om media si framstilling av DKS-praksis i større grad har vore med på å gravleggje relevante spørsmål knytt til problematikken heller enn å skape eit klima for gode diskusjonar på tvers av samarbeidet.

Emneord (Nøkkelord)

Den kulturelle skulesekken, Kunst og handverk i grunnskulen, profesjonsgrenser, jurisdiksjon, fagdidaktikk, kulturmøter

Fulltekst:

PDF


Copyright (c) 2015

Creative Commons License
This work is licensed under a Creative Commons Attribution 4.0 International License.