Statens lærer(høg)skole i forming Oslo 1966-1994 - ein utdanningsinstitusjon med samfunnsansvar og berekraft i fokus

  • Randi Veiteberg Kvellestad Høgskolen i Oslo og Akershus, fakultet for teknologi, kunst og design
Emneord (Nøkkelord): historie, utdanning, tekstilopplæring, eksperimentering, forsøk- og utviklingsarbeid

Sammendrag

Denne artikkelen set fokus på utdanningsinstitusjonen Institutt for estetiske fag, Høgskolen i Oslo og Akershus, Noreg frå ca. 1950 til 1990. Skulen bar namnet Statens lærerskole i forming Oslo (SLFO) frå 1966 til 1975, så Statens lærerhøgskole i forming Oslo frå 1975 til 1994. Institusjonen hadde eit tydeleg lærarfokus samstundes som den dreiv ei utstrakt fagleg opplæring, forsøksverksemd og rettleiingsteneste. Tradisjonen med kvalitet i val av materiale, i arbeid med teknikk og utførsle stod sterkt, men det blei etter kvart lagt større vekt på eksperimentering i materiale, med reiskap og teknikkar. Studentane blei både oppfordra og utfordra til å vere kreative og stole på eigne idear i eksperimenteringa. Artikkelen set fokus på endring og opplæring i tekstil i handarbeidslærarinneutdanninga. Kjeldematerialet er årsmeldingar, publiserte tekstar funne i Instituttet si Historiske samling og intervju av sju tilsette som arbeidde på skulen i delar av, eller i heile tidsperioden. Informantane sine argument og analyse av tekstane blir knytt til nyare forsking i Sverige og Noreg. Artikkelen viser at institusjonen den gong sto for haldningar som ein i dag kallar berekraftige, med solide kvalitetskrav og viste dermed eit samfunnsansvar gjennom opplæring og næringsretta tiltak.

Forfatterbiografi

Randi Veiteberg Kvellestad, Høgskolen i Oslo og Akershus, fakultet for teknologi, kunst og design
institutt for estetiske fag, høgskolelektor
Publisert
2015-12-30
Hvordan referere
Kvellestad, R. (2015). Statens lærer(høg)skole i forming Oslo 1966-1994 - ein utdanningsinstitusjon med samfunnsansvar og berekraft i fokus. Form Akademisk - Forskningstidsskrift for Design Og Designdidaktikk, 8(3). https://doi.org/10.7577/formakademisk.962
Seksjon
Artikler