Handlingsrammer og handlingsrom i kunst og handverksfaget

Korleis institusjonelle mønster medverkar i studentars skapande prosessar med installasjonar

  • Åsta Rimstad Høgskolen i Sørøst- Norge, Institutt for estetiske fag, Notodden

Abstract

Artikkelen ser på to ulike undervisningsopplegg der faglærarstudentar i kunst og handverk arbeidde med installasjonar. Utifrå nokre konkrete eksempel blir det belyst korleis forståingar, tilnærmingar og arbeidsmåtar som er opparbeida i kunst og handverksfagets undervisningspraksis medverka i studentanes skapande prosessar. Innan ei sosiokulturell ramme ser eg på tilnærmingar og arbeidsmåtar som reiskap. Sjølv om tilnærmingar eller arbeidsmåtar ikkje er reiskap i fysisk forstand, har dei likevel materielle sider og materielle konsekvensar. For kva handlingar ein er i stand til å førestille seg, til å vurdere eller sikte mot, altså det handlingsrommet ein orienterar seg i, vil ha ein samanheng med dei forståingane og arbeidsmåtane ein disponerer. Slike forståingar bygger på tradisjonar og mønster og desse fekk ei betyding når studentane skulle arbeide skapande med sine installasjonar.

Nøkkelord: Institusjonelle mønster, samtidskunstnarisk literacy, handlingsrom, isenesetting av prosessar

Författarbiografi

Åsta Rimstad, Høgskolen i Sørøst- Norge, Institutt for estetiske fag, Notodden
Institutt for estetiske fag. Fyrsteamanuensis
Publicerad
2018-06-21
Referera så här
Rimstad, Åsta. (2018). Handlingsrammer og handlingsrom i kunst og handverksfaget. Techne Serien - Forskning I Slöjdpedagogik Och Slöjdvetenskap, 25(1), 49-58. Hämtad från https://journals.hioa.no/index.php/techneA/article/view/1911