Fall og raseri. Om Behring Breiviks ubestemmelege livsløp, nedadgåande sosial mobilitet og tap av meining

  • Atle Møen Sosiologisk institutt, Universitetet i Bergen
Emneord (Nøkkelord): vold, høyreekstremisme, familie, kulturkamp

Sammendrag

Denne artikkelen skisserer ein analyse av samsvaret mellom nokre kritiske aspekt ved livsløpet til Behring Breivik, og typiske disposisjonar for paranoide vrangførestillingar og grandiose fantasiar. Terrorhandlingane må etter dette forståast mot ein bakgrunn av eit historisk samanfall mellom ein overgang frå klassepolitikk til den ideologiske «kulturkampen», og framveksten av usikre livsløp innanfor dagens utdanningssamfunn. Slike ideologiske fantasiar og vrangførestillingar står særleg i fare for å slå ut i raseri og vald hjå personar som har erfart eit trugsmål om nedgåande sosial mobilitet. Artikkelen har eit tvervitskapleg tilsnitt og ein essayistisk stil. Artikkelen er basert på systematiske ny-tolkingar av journalistisk empirisk materiale, utval av «Manifestet» og offentlege rapportar.
Publisert
2016-12-22
Hvordan referere
Møen, A. (2016). Fall og raseri. Om Behring Breiviks ubestemmelege livsløp, nedadgåande sosial mobilitet og tap av meining. Tidsskrift for Ungdomsforskning, 16(2). Hentet fra https://journals.hioa.no/index.php/ungdomsforskning/article/view/1892
Seksjon
Artikler