Sentrale kvalitetar i arbeidsinkludering av sårbar ungdom, slik ungdom sjølv og arbeidsgivarar opplever det

Kjetil Frøyland

Sammendrag


Kva for kvalitetar er viktige i arbeidsretta bistand til sårbar ungdom slik dei sjølv og
arbeidsgivarar opplever det? Intervju med 22 ungdommar og 12 arbeidsgivarar viser at
positiv orientering, skryt, humor, empati, praktisk bistand, fleksibilitet og skreddarsaum
kan vera sentralt. Særleg viktig er etablering av «vanlege» relasjonar så som foreldre-,
venne- eller omsorgsrelasjonar. Det kan tidvis vera behov for at hjelpar aktivt dreg
prosessen. Bistanden kan like mykje handle om å bygge sjølvtillit som arbeidskompetanse.
Kunnskap om å møte sårbarhet og korleis fremje verdsettande roller på arbeidsplassar
i ordinære arbeidsmiljø framstår som vesentleg. Både ungdom og arbeidsgivar
kan trenge bistand.

Fulltekst:

PDF


Copyright (c) 2017 Kjetil Frøyland

Creative Commons License
This work is licensed under a Creative Commons Attribution 4.0 International License.